Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Føremål og vedtak

Føremål

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for behandling av all informasjon og dokumentasjon i Gloppen kommune. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinjene.

Arkivplanen skal sikre at Gloppen kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter § 6 i arkivlova, som lyder slik: Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.

Vedtak

Etter § 4 i arkivforskrifta skal "Alle offentlege organ skal til kvar tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert."

Arkivplanen for Gloppen kommune gjeld heile den kommunale verksemda. Arkivplanen er under kontinuerleg oppdatering og periodisert ved behov.  Det som er publisert her, skal reknast som gjeldande til anna vedtak vert gjort. Alle har eit ansvar for at arkivplanen er oppdatert, og i samsvar med gjeldande rutinar.

Innspel og rettingar skal sendast til arkivleiar.

Arkivleiar sine oppgåver og mynde går fram av kommunen sitt delegeringsreglement.

Gloppen kommune, 14. september 2018
Jan Kåre Fure
rådmann

Laster...