Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Ansvar og instruksar

Overordna ansvar

Det overordna ansvaret for arkivarbeidet i kommunen ligg til rådmannen.

Arkivleiar

Arkivleiar inngår i stab og støtte med organisasjonssjefen som næraste overordna.

Arkivleiar er leiar for kommunen sin arkivteneste og skal gje rettleiing og føre tilsyn med arkivdanning og arkivoppbevaring i kommunen. Arkivleiar skal:

  • halde seg oppdatert om den faglege og teknologiske utviklinga på arkivsektoren, og om endringar i regelverk for offentlege arkiv
  • gje fagleg rettleiing til arkivpersonalet og sørgje for at arkivmedarbeidarane får tilbod om å utvikle sin faglege kompetanse og halde seg oppdatert om den faglege utviklinga
  • gje nytilsette nødvendig opplæring
  • rapportere til leiinga i kommunen om verksemda til arkivtenesta og leggje fram framlegg om tiltak som skal heve kvaliteten på arkivarbeidet
  • utarbeide planar for arkivarbeidet
  • kontrollere at arkivarbeidet skjer i samsvar med reglane i arkivplanen
  • føre kontroll med at arkiva i kommunen er forsvarleg oppbevart og sikra
  • ta initiativ til opppdatering/endringar i arkivplanen
  • vere kontaktperson med fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Arkivleiar er rådmannen sin saksbehandlar i arkivsaker og avgjer med endeleg verknad arkivfaglege spørsmål i kommunen. Arkivleiar er fagleg overordna alle som arbeider med arkivsaker i Gloppen kommune.

I delegeringsreglementet har arkivleiar rådmannen sine oppgåver etter §§ 6 og 8 i arkivlova og §§ 3 og 10 i offentleglova.

Personvernombod

Gloppen kommune har felles personvernombod saman med dei andre Nordfjordkommunane. Dette er meldt Datatilsynet.

Personvernombod er Hans Thomas Solheim, IKT-Nordfjord (Eid kommune).

Laster...